For snart eit halvår sidan vart eit forslag til rusreform lagt fram av eit offentleg utval. Framlegget har no vore på høyring. Vårt håp var at reforma skulle føre til meir verdigheit og eit betre liv for dei som slit med rusproblemer, men også at ho skulle føre til eit løft for førebygging og tidleg inngripen. Så langt har dette ikkje vorte innfridd av framlegget til reform.

Utvalet har foreslått ein modell for avkriminalisering av bruk og innehave av alle former for narkotika, der dei som blir avdekka for dette skal møte for ei kommunal rådgjevingseining. Om dei ikkje møter, er det ingen konsekvensar. For unge under 18 år er oppfølginga valfri, men om naudsynt kan barnevernet koplast på.

Dette er ikkje godt nok. Actis støtter avkriminalisering av narkotika, men det må gjerast med ein modell som synleggjer at narkotika fortsett er forbode. Difor ønskjer vi ein modell som er meir tilpassa dei ulike gruppene av brukarar. Vi ønskjer eit meir finmaska reaksjonsmønster enn det utvalet har lagt fram. Andre land, blant andre Portugal, har gode erfaringar med slike. Alle er einig i at menneske med rusavhengigheit ikkje skal straffast og få bøter. Men ikkje alle ønsker ei reform utan forpliktande oppfølging for ungdom.

Sentrale forskingsinstitusjonar som Folkehelseinstituttet (FHI) og Senter for rus- og avhengigheisforsking (SERAF), Politiet, Barneombodet, Legeforeininga og eit fleirtal av kommunane som har ytra seg i høyringsrunden, er òg i ulik grad utrygg på konsekvensane for ungdomane våre, om reforma blir vedtatt slik ho ligg.

Denne bekymringa må politikarane ta på alvor. Høyringsrunden viser mange svakheiter i kunnskapsgrunnlaget i utredninga som ligg føre. Spørsmåla må, som Riksadvokaten også seier, greiast ut innan regjeringa skal forhandle om endeleg utforming av reforma.

Mi uro er korleis bruken av narkotika vil endrast som resultat av reforma. I resten av lovgjevinga er samfunnet opptatt av forbodets allmennpreventive effekt. Utvalet avviser langt på veg at deira modell påverkar bruk. Men den premissen fekk regelrett slakt av fagmiljøa både i FHI og SERAF i høyringa. Sanninga er at forskinga sprikar. Land som har avkriminalisert, har gjort det på ulike måtar og med ulike utgangspunkt. Modellane som er vald i andre land, har alle eit bredt spekter av sivilrettslege reaksjonar. Det er ingen erfaringar med ein modell lik den rusreformutvalet foreslår. Den er eit eksperiment.

Høyringssvara som er komen inn til fristen 15. mai, viser at reforma er langt frå klar. Snublesteinane er mange. Actis ønskjer ein ansvarleg avkriminaliseringsmodell som vil gi meir hjelp til dei tunge brukarane, og som samstundes aukar innsatsen mot unge, i form av betre, meir likens og meir forpliktande hjelpetiltak. Det er framleis mogleg å få til.